Førsteamanuensis (motsv. univ.lektor) i systematisk botanikk

Førsteamanuensis i systematisk botanikk

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Dei naturhistoriske samlingane (www.uib.no/universitetsmuseet), er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i systematisk botanikk.

http://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/101821/foersteamanuensis-i-systematisk-botanikk

Vi søkjer ein aktiv forskar fokusert på planteevolusjon med kompetanse i karplantesystematikk og fylogeni. Aktuelle forskingsområde er evolusjonære slektskapsforhold, taksonomi og artsdiversitet hos karplanter, samt evolusjonære prosessar som fører til biologisk mangfald. Søkjarane må kunne dokumentere forsking på internasjonalt nivå i botanisk systematikk, på eitt eller fleire av desse områda.

Til stillinga ligg det vitskaplege ansvaret for ein meir enn hundre år gamal botanisk utstillingshage; Muséhagen. Den som vert tilsett vil òg få det faglege ansvaret for dei botaniske utstillingane ved Universitetsmuseet og skal ta del i utvikling av nye naturhistoriske utstillingar som er under planlegging ved museet. Likeeins vert det forventa at den som vert tilsett tek del i undervisinga i botanikk ved Universitetet i Bergen.

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre forhold som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn ein lenger nede på sida.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Kari Loe Hjelle, tlf. (+47) 55583323 / e-post kari.hjelle@um.uib.no.

Søkjarane må ha oppnådd norsk doktorgrad i systematisk botanikk eller tilsvarande kompetanse.

Ut frå regelverket skal tilsette i vitskaplege mellomstillingar ved Universitetet i Bergen ha pedagogisk basisutdanning. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Arbeidsspråket er til vanleg norsk.

Søkjarar kan verta kalla inn til intervju.

Løn etter lønssteg 57 (kode 1011) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 57–65). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Førsteamanuensar i fast stilling har høve til å søkje personleg opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15. september kvart år.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om kjønnskvotering i personalreglementet for vitskaplege stillingar.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Universitetsmuseet i Bergen er for tida inne i ein omstillingsprosess som kan medføra endring i stillinga si institusjonelle plassering og arbeidsområde.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merkt ”SØK STILLINGA” på denne sida.

Som vedlegg til søknaden må søkjarane laste opp dei vitskaplege arbeida som dei ynskjer det skal verte teke omsyn til ved vurderinga, og ei liste over desse, i tillegg til attestar og vitnemål. Søkjarar må nemne dei arbeida eller delane av arbeida som det skal leggjast særleg vekt på ved vurderinga. Desse bør ikkje vere fleire enn 10.

Søknadsfrist: 26.05.2014

Søknaden skal merkast: 14/3062

——————————————–

Stillingsomtale

Ved Dei naturhistoriske samlingar, Universitetsmuseet i Bergen (www.uib.no/universitetsmuseet) er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i systematisk botanikk. Utlysinga kommer som eit ledd i ei pågåande omorganisering av Universitetsmuseet og oppbygging av eit sterkt forskingsmiljø. Universitetsmuseet driv forsking, forvaltning og formidling i natur- og kulturhistorie. Dei naturhistoriske samlingar har det vitskaplege og forvaltningsmessige ansvaret for botanikk, geologi og zoologi ved museet. Eininga har i dag 15 vitskaplege og 17 teknisk/administrativt tilsette i faste stillingar, i tillegg til stipendiatar og midlertidig prosjekttilsette. Arboretet og botanisk hage på Milde er ein del av Dei naturhistoriske samlingar.

Vi søkjer ein forskar innan karplantesystematikk som har erfaring i bruk av moderne molekylære metodar men som òg har god kunnskap om plantemorfologi. Den som vert tilsett vil ha tilgjenge til botaniske samlingar og moderne forskingslaboratorium. Interesse for formidling er ein føremon.

Dei naturhistoriske samlingar har det vitskaplege ansvaret for Muséhagen; ein meir enn hundre år gamal botanisk utstillingshage med eit tropisk veksthus. Den som vert tilsett vil ha det faglege ansvaret for denne hagen. Hagen ligg mellom bygg med naturhistoriske og kulturhistoriske utstillingar. Det vert forventa at den som vert tilsett òg kan jobbe tverrfagleg for å formidle botanikk i eit kulturhistorisk perspektiv. Den som vert tilsett vil ha det faglege ansvaret for dei botaniske utstillingane og skal ta del i utvikling av nye utstillingar. Likeeins vert det forventa at den som vert tilsett tek del i undervisinga i botanikk ved Universitetet i Bergen. Det er ein føremon med erfaring frå arbeid i botanisk hage, museums-samlingar, -utstillingar og formidling. Internasjonalt forskingssamarbeid og eit godt utbygd internasjonalt nettverk er òg ein føremon.

Søkjarane må kunne vise til mellommenneskjelege ferdigheiter og evne til å arbeide og kommunisere med andre i eit samarbeidsorientert miljø. Den som vert tilsett, vert forventa å delta aktivt i ei forskingsgruppe og å samarbeide med forskingsmiljøa ved Universitetsmuseet; likeeins bidra til å vidareutvikle nasjonale og internasjonale aktivitetar og bidra til å skaffe eksterne prosjektmidlar.

Dei naturhistoriske samlingar har i dag tre forskingsgrupper: Fylogenetisk systematikk og evolusjon, Biosystematikk, og Fortidens landskap og miljø. Ein ny forskingsstrategi er utarbeidd for perioden 2014–2020, der ein innan biologi har to satsingsområde: Evolusjonshistorie og taksonomi, og Paleobiologi. Den som vert tilsett er forventa å ta del i satsinga på evolusjonshistorie og taksonomi, der forsking kring jordas biologiske mangfald, artenes evolusjonære slektskapsforhold, tilpassingar, utbreiingsmønster og prosessar som fører til biologisk mangfald, er sentralt. Innan karplanters systematikk er det ved museet eit samarbeid om systematikk og taksonomi innan Rosaceae. Det er ein føremon om søkjaren kan ta del i dette samarbeidet.

Kvalifikasjonar

Søkjarane må ha oppnådd norsk doktorgrad i systematisk botanikk eller tilsvarande kompetanse. Dokumentert forskingskompetanse og nasjonale og internasjonale publikasjonar innafor dei siste fem år vil bli lagt særleg vekt på. Erfaring med å utvikle forskingsnettverk og –prosjekt vil òg bli tillagt vekt. Søknaden må innehalde ei kortfatta skisse over forskingsinteresse og framtidige forskingsplaner.

Ut frå regelverket skal tilsette i vitskapelege stillingar ved Universitetet i Bergen ha pedagogisk basisutdanning. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Lämna ett svar

Din e-postadress kommer inte publiceras. Obligatoriska fält är märkta *